Runar Sørheim: Bold Line

Moa
Foto: Runar Sørheim

Bold Line er eit fotoprosjekt som kontrasterer ein uskyldig tenåringsflørt med eit overnaturleg og brutalt trailer trash-miljø. Prosjektet er eit samarbeid mellom fotograf Runar Sørheim og scenograf Øyvind Langdalen, som saman har skapt dette universet og skildrar det med ei dokumentarisk tilnærming for å finne “det estetiske i eit brutalt dystopisk univers”.

Prosjektet er ei overdriving og romantisering av trailer-trash estetikken, som er meint å spegle vår eigen røyndom og stille spørsmål rundt sosiale forskjellar og kjønnsroller.

Utstillinga opnar torsdag 3. august kl. 18.

Velkommen!