Torstein Lund Eik: Regulert

Foto: Torstein Lund Eik

Torstein Lund Eik setjer fokus på dei endringane som den regulerte vasskrafta skapar i landskapet.

Vi står ovanfor eit vegskille i korleis vi skal produsera straumen vi har gjort oss så avhengige av. I eit land som er kjent for fjord, fjell og foss er heile 70% av alle vassdrag regulerte, med kraftproduksjon som hovudmål. Vesle Noreg står for 25% av all vasskraft som vert seld på den europeiske marknaden. Vasskraft blir sett på som den mest fornybare energikjelda som finst, men kva avtrykk etterlet denne jakta etter kraft på landskapet vårt?

Regulert er ei utforsking av vasskraftas landskap. Gjennom prosjektet ønskjer fotograf Torstein Lund Eik å setja fokus på dei endringane som den regulerte vasskrafta skapar i landskapet. Når vi menneske byggar demningar og held igjen kubikk etter kubikk med vatn endrar landskapet seg. Der vatnet før hadde runne fritt og fossane brusa, er det tørre elveleier og sår i landskapet som.

Men samstundes opnar denne nærast evige runddansen for at nye landskap veks fram. Store innsjøar dukkar opp når vasstanden endrast, og med eit vassnivå i endring dukkar eit nytt landskap opp både i og utanfor vatnet. Når is, pollen, lauv og greiner melder sin ankomst blir dei nye element som endrar overflata. Kan det avtrykket vi etterlet oss også vera noko vakkert?

Utstillinga opnar 6. februar 2020 kl. 18.