Foto: Torstein Lund Eik

Torstein Lund Eik // Regulert

06.02-01.03.2020

Torstein Lund Eik set fokus på dei endringane som den regulerte vasskrafta skapar i landskapet.

Vi står overfor eit vegskilje i korleis vi skal produsera straumen vi har gjort oss så avhengige av. I eit land som er kjent for fjordar, fjell og fossar er heile 70% av alle vassdrag regulerte, med kraftproduksjon som hovudmål. Vesle Noreg står for 25% av all vasskraft som vert selt på den europeiske marknaden. Vasskraft blir sett på som den mest fornybare energikjelda som finst, men kva avtrykk etterlet denne jakta etter kraft i landskapet vårt?

«Regulert» er ei utforsking av vasskraft sitt landskap. Gjennom prosjektet ønskjer fotograf Torstein Lund Eik å setja fokus på dei endringane som den regulerte vasskrafta skapar i landskapet. Når vi menneske bygger demningar og held igjen kubikk etter kubikk med vatn, endrar landskapet seg. Der vatnet før hadde runne fritt og fossane brusa, er det tørre elveleier og sår i landskapet som står att.

Men samstundes opnar denne nærast evige runddansen for at nye landskap kan veksa fram. Store innsjøar dukkar opp når vasstanden endrar seg, og med eit vassnivå i endring dukkar eit nytt landskap opp både i og utanfor vatnet. Når is, pollen, lauv og greiner melder sin framkomst blir dei til nye element som endrar overflata. Kan det avtrykket vi etterlet oss også vera noko vakkert?

Utstillinga opnar 6. februar 2020 kl. 18.