Foto: Mirjam Stenevik

Mirjam Stenevik // Å kome frå ei øy

05.03-31.05.2020

Mirjam Stenevik har over ein periode på fem år dokumentert livet i den vesle øykommunen Austevoll. Prosjektet ser både bakover og framover.

Ein snau time sør for Bergen ligg øykommunen Austevoll, med øya Selbjørn som den nest styrste. I heile kommunen bur det litt over 5000, på Selbjørn omlag 2000. Her gjekk helsekostbutikken dukken ganske fort, men Vinmonopolet ser heldigvis ut til å klare seg. Frp og Høyre står sterkt, primærnæringa er i voldsom vekst og på den eineste klesbutikken på Selbjørn er det venteliste på den dyreste Parajumpers-jakken. På tjue år har folketalet i kommunen stige med 20%, folk er stolte av å kome her i fra og Nils Harald på Joker´n opner same kor seint du kjem på at du har gløymd å kjøpe Zalo eller sjokolademelk.

I eit forsøk på å forstå sin eigen historie, har fotografen over ein periode på fem år dokumentert livet i den vesle øykommunen. Dette prosjektet ser både bakover og framover, og utforskar dei unike, rare, triste og vakre tinga en kan finne – om ein berre gir Selbjørn ein sjanse.

Prosjektet vann 1.pris i kategorien Dokumentar Norge i Årets Bilde 2018 og 1.pris i kategorien Personal Work I PDN’s Photo Annual 2019.

Årets bilde-juryens begrunnelse:

Som alle andre europeiske land, sentraliseres Norge mer og mer. Kommuner og fylker blir slått sammen. Denne serien forteller om dette med en udirekte, sørgelig nerve. Samtidig er det et håp i den, og et veldig fint bilde på Norge og om å ikke flytte til byen.

Utstillinga opnar 5. mars 2020 kl. 18.