Dersom du ikke finner det du leter etter, kontakt oss
Erlend Berge: Selvportrett i Lindehuset, Odda
«ein talarstol kan godt vere slarkete og sliten
gammal og full av skrammer
eg har bare eitt krav til talarstolen
at han også er for den desperate og stemmelause»
Det byrja med ei uro. Ei kjensle av at noko var i ferd med å gå tapt. Denne uroa sende fotograf Erlend Berge ut på ei sju år lang reise gjennom Noreg på jakt etter talarstolar og rom i den norske offentlege samtalen.
– Det er ingen menneske i bileta, men det er spor av menneskelege draumar og store ord, seier fotograf Erlend Berge.
– Talarstolane står igjen som monument etter oss og det offentlege ordskiftet. Dei er monument etter ei tid som har vore og tida me er i no. Eg vil løfte dei fram frå kjellarar, bakrom og scenegolv. I jakta på talarstolane har eg nok tillagt dei fleire menneskelege eigenskapar. For meg så pustar, slåst og applauderer talarstolane. Dei har levd eit langt liv, dei er tidsvitne, dei er fulle av historier. Med Frode Grytten sine tekstar blir talarstolane besjela og vekka til live. Dei måtte berre bli gitt ei stemme, så ville dei slå hardt tilbake, seier Berge.
«Kjære alle saman!» vann førstepris i Dokumentar Norge under Årets Bilde 2023. Boka Kjære alle saman! fekk strålande mottaking og terningkast seks i Dagbladet. Meldar Jon Rognlien kalla ho ei «ramsalt poetisk billedbok med besk satire og endeløst vemod» (dagbladet.no). Boka er ein av vinnarane i Årets vakreste bøker 2025. Prosjektet er støtta av Fritt Ord og Kulturrådet.
Erlend Berge si førre utstilling i Fotografiens Hus «Sjå, eg kjem snart!» tok for seg norsk bedehusestetikk. Berge sine fotografi er tidlegare antatt av Høstutstillingen og utstilt i galleri og museum over heile landet.
Utstillinga er støtta av Norske Fagfotografers Fond og Oslo kommune.